Bokmelding: Jeanette Bjørke

Imponerande oversikt over eit variert fag

547-548

Michael 2023; 20: 547–548

Erik Falkum

Hva er psykiatri? Om fagets grunnlagsspørsmål

Bergen: Fagbokforlaget, 2023

336 s.

ISBN 978-82-450-4118-7

Professor emeritus Erik Falkum stiller ambisiøse spørsmål: Kva var, er og vil psykiatri bli? Han angir ikkje målgruppa, men eg vil tilrå ein viss forkunnskap og erfaring i faget.

Språket er forståeleg, men innhaldet kan vere teoritungt og vanskeleg tilgjengeleg. Eit smart pedagogisk trekk er samandraget i kvart kapittel som gir ei god oppsummering. Det er nokre få illustrasjonar, men det kunne gjerne vore fleire.

I forordet står det at kvart kapittel kan lesast kvar for seg. Men hovudstyrken til boka er nettopp heilskapen og det overordna blikket. Oppstykka lesing er difor ikkje å anbefale.

Boka begynner med eit historisk tilbakeblikk på filosofi og samfunnsutvikling, som legg grunnlaget for dei andre ti kapitla. Forfattaren er innom store tema som forståinga av mental helse, diagnosar, den biopsykososiale forklaringsmodellen, makt, psykoterapi og livsmestring. Det refererast til oppdatert forsking innan til dømes genetikk, og forfattaren syner ei imponerande oversikt over eit variert fag.

Falkum dreg dei lange linjene frå rolla til psykiateren ved dei gamle asyla og fram til dagens New Public Management. Han gjer greie for innføringa av pasientforløpa (tidlegare pakkeforløp), eller det som ein meir presist kan skildre som forsøket på innføring. Det er gjennomført to evalueringar, og den i all hovudsak negative tilbakemeldinga frå klinikarar kjem tydeleg fram. I kapittelet om revisjonskulturen går Falkum meir i detalj om utfordringane med å bli kontrollert «ovanfrå». Det er vanskeleg å ikkje lese dette som ein kritikk mot systemet. Forfattaren fryktar at det på lengre sikt kan føre til at klinikarane blir utbrende og at det blir vanskar med rekruttering.

Andre tema som det tradisjonelt har vore usemje om i fagmiljøet, vert handtert på ein elegant og respektfull måte. Profesjonskamp og psykoterapi-retningar er døme på dette. Det gjennomgåande synet er at det beste er ein middelveg med bidrag frå alle. Sitatet i kapittelet om den biopsykososiale modellen er illustrerande: «Utgangspunktet må være at ingen av aksene i den biopsykososiale modellen kan fjernes uten at behandlingen vil svekkes.»

Ellers skin det gjennom eit pragmatisk syn, nært forankra i klinikken med vekt på den individuelle historia, hos både pasient og terapeut. I ei tid med søkjelys på raske løysingar og effektivitet, opplever eg det som ei viktig motvekt å lese om rask og langsam tenking, å leve med uvisse og den opne samtalen.

Falkum skriv til slutt om «Å fremme selvstendighet og livsmestring». Som det einaste kapittelet framstår dette noko snevert, då det nesten utelukkande er fokusert på jobb. Det hadde vore nyttig om andre aspekt av livsmestring også blei utforska.

Boka gir ein grundig gjennomgang av psykiatrisk historie og det aktuelle faglege og politiske landskapet i dag. Vi får vite mykje om kvar psykiatrien har vore og er i dag, men vegen framover er meir uklar.

Jeanette Bjørke

jeanette.solheimslid.bjorke@sus.no

Jeanette Bjørke er overlege ved Stavanger distriktspsykiatriske senter.